Meninger mot strømmen

Meninger mot strømmen

Klippe, klippe.....

Ikke akkurat det alle andre mener.

Gratis tips til busselskapet

BygdelivPosted by Kirsten Flagstad Thu, May 21, 2009 15:32:32
Det er kjekt å handle på nærbutikken, der treff ein ofte kjentfolk og kan slå av ein prat. Førre dagen trefte eg ei som fortalde meg om eit program ho hadde sett på fjernsynet, frå Island. Programmet handla om eit busselskap som på nokre avgangar lét born og eldre få reise gratis. Bussane gjekk nesten tomme, og så fann dei på at dei kunne spandere nokre gratisturar.

– Tenk kor mykje trivelegare det vart for bussjåføren, som fekk ha passasjerar på bussen! Tenk kor det gledde dei gamle med dårleg råd! Eg har forresten høyrd at det er slik her òg. Midt i veka er det mest ikkje passasjerar på nokre avgangar. Ein dag var det visst berre to som reiste med bussen frå Beitostølen til Fagernes, sa ho.

Praten gjekk og vi var samde om at det ville bety mykje for dei eldre om dei fekk reise gratis, om det så berre var nokre avgangar, ein dag i månaden.

– Det er mange som ikkje tek seg råd til å reise til Fagernes og det er jammen vorte dyrt å reise med buss òg. Du får skrive i avisa om det, la ho til, før ho gjekk.

Eg veit ikkje om eit busselskap har lov til å gjera slikt. Men sett at det er lov, og at dei gjorde det, til dømes ein gratis honnør-avgang midt på dagen, fyrste onsdagen i månaden.

Bussen ville sikkert bli ganske full av blide pensjonistar, som skulle få seg ein gratis «bytur». Kafeane ville sikkert doble omsetninga, og det ville bli liv og røre i butikkane. På ein heilt vanleg onsdag formiddag. På gratisbussen heim att vart det sikkert endå betre stemning.

Er det nokon andre enn gratispassasjerane som vil tene på eit slikt opplegg? Tja, handelsstanden på Fagernes vil vel neppe kome dårlegare ut. Bussjåførane vil få ein triveleg og litt annleis arbeidsdag.

Men kva med busselskapet? Kva vil dei få? Jo, dei vil få masse godvilje og positiv omtale, og det vil vera lønsamt – på lang sikt.

Ideen får dei dessutan heilt gratis.

  • Comments(0)//blogg.motstrom.net/#post1
« Previous