Meninger mot strømmen

Meninger mot strømmen

Klippe, klippe.....

Ikke akkurat det alle andre mener.

Truging

Helse og sånnPosted by Kirsten Flagstad Mon, December 14, 2009 22:23:15

Vi som har firbeinte, personlege trenarar lyt truge oss ut på tur kvar dag. Og det er ikkje alltid like lystbetont, når snøen lavar ned og mørkret kjem krypande alt klokka halv fire.


Heldigvis finst det lysløyper mange stader, men sjølv likar eg best å gå skitur når det er sol og silkeføre. Og ettersom det er både skummelt og farleg å traske etter vegen i mørkret, har eg skaffa meg hovudlykt og trugar.


Trugane fekk eg kjøpt hjå ei tidlegare langrennsstjerne som driv sportsbutikk her i dalen. Ho var svært entusiastisk då eg gjekk innom for å høyre kva modellar som fanst. Og før eg visste ordet av det var eg trugeeigar.


Fyrste turen var blytung og vakker. Det var masse snø, kritkvit og djup. Den personlege trenaren, som vanlegvis spring føre meg i skogen, heldt seg pent bak. Det var som ho ville at eg skulle få litt ekstra pes der eg baksa meg fram i laussnøen. Vi gjekk ikkje så langt, men vi gjekk til ein stad eg aldri ville ha gått på ski. Meir enn 200 høgdemeter fordelt på snaue to kilometer, kort sagt bratt oppover.


Vi gjekk til ein topp i nærmiljøet, Løkjishøvda, for å skrive namnet i boka som grendelaget har lagt i ei kasse på toppen. Det er godt å ha eit mål når ein fyrst har fått truga seg ut, då er det ikkje fullt så lett å gje opp og snu.


Nedstiginga gjekk veldig lett, eg flaut i mine eigne spor. No sprang trenaren framfor meg, for å undersøke ferske spor etter hare og elg. Trea hang tunge over stigen, og det glitra i snøen. Vel heime igjen var vi blitt like entusiastiske som ho som selde trugane.


Her kjem difor eit godt råd til alle som lyt truge seg til å gjennomføre nyårsforsetta om meir mosjon og frisk luft. Sett trugar øvst på ønskjelista i år smiley

  • Comments(0)//blogg.motstrom.net/#post14